– Smilet hans gløymer eg aldri

Den 12. juni 2015 reiste nokre medarbeidarar frå bruktbutikkane Ting og Tøy til Riga i Latvia. Målet var fyrst og fremst å vitja Rehabiliteringssenteret for kvinner i Valdemarpils, for å sjå kor fint dette var sett i stand til opninga 18. april i år.

Jaktslottet i Riga, der Freedom61 holder tilJaktslottet i Riga, der Freedom61 holder tilPå senteret kan prostituerte som er havna på gata i Riga, få hjelp til å koma ut or dette nedverdigande livet.Ny Start i Øst hadde i fjor sumar eit lotteri, der me fekk inn kr 140.000,- som skal gå til senteret og det viktige arbeidet dei utfører. Me var alle spente på å sjå resultatet av den store dugnadsinnsatsen som så mange hadde teke del i. På veg til Valdemarpils fekk me oppleva at det er mange tiltak og organisasjonar Ny Start i Øst støttar. Eit av desse var wings for wheels, A Ministry for People with Mobile Disabilities in Latvia: www.fb.com/WingsForWheelsYWAM

Dette er ei gløymd gruppe menneske i Latvia. Det arbeidet  W4W utfører, er ei hjelpande hand dei så sårt treng til i ein vanskeleg livssituasjon.

I Latvia er det diverre mange folkegrupper som er i ein liknande livssituasjon utan at staten tilbyr slik hjelp som me reknar som sjølsagt her i landet. Me var innom nattkafeen som ”Freedom61” driv, i Riga, der dei serverar suppe og brød tre gonger i veka, til dei prostituerte som kjem innom for eit lite måltid, litt kvile og kan hende ein samtale med nokon som har omsorg for dei. Og diverre er det ofte nettopp omsorg og omtanke, og mangel på det meste i det daglege, desse gjentene har sakna, gjenom heile livet sitt.

Etter å ha helsa på fleire samarbeidspartnarar  i arbeidet Ny Start i Øst støttar, kom me til Rehabiliteringssenteret, som skal hjelpa kvinnene som er prostituerte på gata i Riga til eit  betre liv enn det dei har. Det står 13 værelser og ventar på dei, i von om at kvinnene som flytter inn, vil få eit betre liv og lagnad etterkvart. Erica Damcott tok vel imot oss og fortalde korleis kvinnene på gata i Riga har det i det daglege, ved å visa oss ein film, der fleire prostituerte vart intervjua og let oss få litt innsyn i deira liv og lagnad.

Erica sine oldeforeldre hadde flykta frå Latvia på førti-talet under okkupasjonentida, som så mange andre. Og no var ho attende i Latvia for å gjera ein innsats og gje ei hjelpande hand saman med fleire andre, til hennar  medmenneske i ein vanskeleg livssituasjon i hennar oldeforeldre sitt tidlegare heimland. Og ære være dei for det. Det er Freedom61, ein kristen ungdomsorganisasjon i Latvia, som skal ha ansvar for den daglege drifta av senteret. www.freedom61.me

Turen vart avslutta med ei oppleving som ingen av oss vil gløyma. Me kom til eit utruleg stort og tidlegare, sikkert imponerande, tysk jaktslott, men no var det falleferdig både utanpå og inni. Likevel gjev det husrom til nokre menn, som bur der for å få hjelp til eit betre liv, utan rus og alkohol. Det var ein mild og god sumarvarme ikring oss og dette tidlegare jaktslottet, langt, langt inne i si skogseinsemd. Men korleis det ville vera å bu der ein kald og vindfull vinterdag, det prøvde me å ikkje tenkja på. Me vart møtte av karar som tok vel imot oss med song og fint tonefylgje, etter at han som leia senteret for rehabilitering fortalde og viste oss ikring i bustaden deira.

Samling Fra kjøkkenet Smilet

 

Og serleg var det ein av karane som song ut si oppleving av eit liv i vonlause og vonde dagar, gjenom songen Halleleluja, Halleleluja, med ein styrke som gav oss alle ei tru på at med deira eigen innsats og med hjelp frå sine medmenneske på dette rehabiliteringssenteret, ein dag ville få eit betre liv. Fleire songar fekk me høyra, men aldri har eg høyrt, og fått oppleva, ei slik bøn om eit betre liv og ein draum om ei ljosare framtid for dei alle, som då denne karen sin song ljoma ut i denne vesale heimen deira, med HALLELELUJAH – HALLELELUJAH denne seine ettermiddagsstundi i ein bortgløymd og bortgjøymd stad i dei Latviske skogane — Og smilet hans gløymer eg aldri, for den kortaste vegen mellom to menneske er eit smil, – som eg gav han, i takksemd for ei ugløymande oppleving gjenom songen hans.

”Å vera lukkeleg kjem ikkje berre an på vår religion eller status i livet, vår etnisitet eller hudfarge, politiske syn eller kultur. Det kjem an på korleis me behandlar våre medmenneske.”

Eit menneske har mange eigenskapar

Og to av desse er

Evnen til å oppleve og vilje til å handle

Opplevinga er di eiga

Men di handlekraft

Tilkjem heile samfunnet.

Del innlegget med andre...

Facebook
Twitter
LinkedIn
Email

Stiftelsen Ny Start i Øst, Roald Amundsens veg 1 B 2816 - Gjøvik Tlf: 6113 6200